QMATEC I VINJE MÅLAR MUSKLAR MOT VERDAS STØRSTE RIGGPRODUSENTAR I TYSKLAND OG ITALIA

– Me skal bli Europas beste riggprodusent, slår 26 år gamle Tor Olav Kyrkjebø fast. Han har jobba i Qmatec 2 år og er allereie sjølvsikker i sin sak.

– Eller vent, hvis me blir Europas beste er me au verdas beste. Faktisk.

Tor Olav er ein av ca 40 tilsette i Qmatec i Åmot, Vinje kommune, og til å vera såpass fersk kjenner han allereie ei sterk tilknytning til selskapet.

Kven: Tor Olav Kyrkjebø

Frå: Skafså i Tokke kommune

Utdanning: Industrimekanikar og maskiningeniør 

Kva: Produksjonsplanleggar

«Det skal være moro å være en Qmatec’er, og man skal være stolt over å være en del av teamet»

INGEN LUKKA STRATEGIMØTER

Dagleg leiar, Kjell Arild Grønås, tar oss med innafor dynnane. Her opnar det seg eit landskap av sveiserar, lakkerarar, lagerarbeidarar, mekanikarar, elektrikarar, ingeniørar, administrasjon og leiing. Bygget rommar alle, oversiktleg plassert i sine soner. Proaktivt og passe stort.

Til å vera marknadsleiande riggprodusent i Norge og å ha produsert fleire hundre boreriggar, er 40 tilsette relativt få. Det er ein stor fordel, meiner Grønås. I tillegg til operative ansvarsområder er nær halvparten også invitert fast til styrets strategimøter. Kvart fagfelt representert med minst ein. Slik har dei tilsette fått meir innflytelse, ansvar og nye oppgåver som gjer at dei trivst godt og påvirkar nært. Samtidig sikrar leiinga eit godt grunnlag for å kunne prioritere riktig i mange viktige vedtak.

«Eg trur det er eit sjakktrekk å legge strategiar med dei tilsette i rommet. Eigarskap til beslutning gjev ein vannvittig lojal stab og heile skuta får stø kurs.»

Nettopp dei tilsette har sørga for at me har hatt ein vekst på 20 % og i 2018 bikka vi 77 millionar i omsetning, fortel dagleg leiar, Kjell Arild Grønås.

AVANSERTE MASKINAR I VERDENSKLASSE TRILLAR UT AV PORTEN I ÅMOT

Ingen andre selskap i Noreg bygger så avanserte maskiner frå botn. Idèfase, skisser og design blir til konstruksjon, sveis og produksjon som igjen sender stafettpinnen til montering og service. Alt i same bygget.

Lukta riv i nasen idet me passerar lakkeringsrommet vidare forbi sveisarane, som ventar nokre sekund før det igjen blussar blått ljos mot vernehjelmen. Fargekoda klistrelappar vitnar om eit gjennomtenkt system på plukklageret. Det store lageret har alt av reservedelar. Kina leverer deler, men ingen kan måle seg med lokale leverandørar som er gull verdt ved hasteleveransar. Kjell Arild fortel ivrig og avslører kor godt kjent med detaljane han er. Undervegs utvekslar han nokre kjappe setningar med konsentrerte tilsette, før han er tilbake på sporet. Han fører oss gjennom elektrorommet og vidare inn i fabrikkhallen, der blankpolerte riggar står klar og berre ventar på at porten skal opne seg.

 

BYGGER MINIKRAFTVERK FOR Å ERSTATTE DIESELAGGREGAT

Indonesia er eit av mange land med høg vulkanaktivitet der to kontinentalplater møtes. Ved å utvinne varmeenergi frå jordas kjerne, nærare sagt 3000 muh, kan mange dieselaggregat i rurale område byttas ut. Qmatec vil sette forsking frå Island ut i livet gjennom sitt «Djupholsprosjekt» med slimwellboring . Ved å treffe djupe vannreservoar med ekstrem høg temperatur vil turbinar kunne omdanne vassdamp til energi. Miljøvenleg og billig på mange måtar.

FRÅ KJERNEBORING I INDONESIA TIL STABILISERING PÅ SVALBARD

Tor Olav er også med på omvisninga. 

– Q3me heiter den minste elektriske boreriggen me nokon gong har laga. Tor Olav tar eit markert steg for å bevise at denne er kun 90 cm brei, akkurat liten nok til å smette inn dynneopningar i hus. På Svalbard synk bakken og boreriggen skal sno seg inn i bygningar for å sikre fundamentering på ustabil grunn. Ein av dei store kundane er King’s Bay i Ny-Ålesund.

Idet me passerar ein ana rigg, klar for å ut i verda, drar han lette fingrar over ein iaugefallande liten detalj.  – Me polerar dei rustfrie overflatene med disse sirklane for å få det til å sjå pent ut. Det tek jo si tid, og kostar litt, men det er verdt det – sjå så fin maskina er!

Kvifor velge ein smal sti i Aker når du får allsidighet i Qmatec?

Tor Olav erfarte det vanskeleg å koma inn på jobbmarkedet i Porsgrunn etter endt ingeniørstudie.
– Det var berre 20-30 jobbar ute i gjennomsnitt på finn.no i heile 2017 som passa mi utdanning, ler han, delvis oppgitt.

Det var tronge nålauge og mange søker seg til store kjente konsern. Mange trur nok at store namn synest best på CV’n, men gløymer breiddeerfaringa ein gjerne får i mindre selskap. Tor Olav blei utruleg glad då han fekk napp på utlyst stilling frå Qmatec.

– Godt mogeleg eg hadde eit fortrinn sidan eg er frå Skafså i nabokommunen, og arbeidsgjevar sikkert gjerne ville ansette folk som med stor sjanse ville bli. Samtidig var eg ikkje så opptatt av å søke jobbar alle andre søkte på i store konsern. Han siktar til det å tenke langsiktig arbeidserfaring som ikkje kan måle seg med store namn på cv’n.

Ei veke føles som to dagar

Erfaringa han har gjort deler han gjerne med andre; Ta ein telefon til verksemda du vil jobbe hos. Vèr i forkant av ei eventuell stillingsutlysing. – Nå som eg har kome innanfor dynnane til Qmatec ser eg at me lenge sit med ynskjer om ei stilling/erfaring/medarbeider før me faktisk lyser den ut. Hadde den rette banka på dynna her, hadde det ikkje tatt lang tid før me hadde rigga plass.

Dagleg leiar Kjell Arne nikkar bekreftande. – Her ser me stadig etter folk som kan komplementere oss nok til å nå selskapets visjonar. Her formar me arbeidsoppgåver til personlege kvalitetar og er ikkje så opptatt av at du skal passe inn i ei utlysingsform. Det er ein av mange fordelar ved å vera eit selskap og ikkje avdelingsbasert konsern. Me omgår kvarandre på golvet og ser fort om du har kvalitetar som passar også til eit ana ansvarsområde. Og ingeniørane våre blir faktisk plassert på ein borerigg!

Tor Olav er eit godt eksempel. Han har ikkje bare fått èi oppgåve sidan han starta, humrar Kjell Arne – kanskje med eit snev av bekymring under augebrynet også. Tor Olav parrerer og bekreftar at det som kunne blitt kaos omgjerast til spennande utfordringar. – Ei veke her føles som to dagar. Eg har mange oppgåver og stor autonomi. Det gjer det motiverande og gøy. Eg får påvirke prioriteringane til det som til slutt gagnar verksemda best, nemleg det som gjev oss inntekter.

– Eg kan sjå resultat av mitt og mine kollegers arbeid på botnlinja til selskapet, smiler Kjell Arild stolt. Han har bygd opp ein stab med dyktige fagarbeidarar, aktiv lærlingpolicy, med rekruttering frå heile fylket, samtidig som dei alltid vil sikre lokal forankring for kortreiste medarbeidarar.

Dagleg leiar, Kjell Arild Grønås fortel at Qmatec står ovanfor generasjonsskifte på nøkkelstillingar dei neste åra.

Det er ein gylden anledning til å lære av meistrane i tida som er nå – og med det kan ein raskt stige i gradene.

ME TRENG FOLK SOM KAN TA VERDA HEIM TIL VEST-TELEMARK

Kontakt Kjell Arild Grønås, dagleg leiar i Qmatec, for ein hyggeleg prat.