Det låg ein god posjon frihet i å vende heim

Det låg i korta at eg skulle overta Nutheim, men eg stritta imot

Då Solveig budde i Paris var det ein sprø tanke å skulle overta som 4.generasjon drivar av familiehotellet Nutheim Gjestgiveri. Ti år seinare kjens det som det mest naturlege i verda for ho å svinge seg ut av kjøkkenet og ynskje deg varmt velkomen til nettopp Nutheim.

– Etter eg fekk ungar kom ofte tanken om å flytte heim. Det er mykje her eg er stolt av, som eg ville døtrene mine skulle lære og ta del i. Eg hadde sidan barnesko sett korleis vår tradisjon og identitet blei ivaretatt og vidareført som familie og vertskap. Etterkvart innsåg eg også at eg kunne vera meg sjølv og ta litt av Paris med meg heim. Det illustrerer Nutheim som møtestad og kulturberar der gamal og ny kultur møtast, fortel Solveig Barstad, drivar av Nutheim Gjestgiveri.

– Som gjest er det uungåeleg å ikkje få eit nært kjennskap til meg og min familie. Me både bur og driv her, og ynskjer at gjestene våre opplever eit nært og upretensiøst besøk, fortset ho.  

Med det beskriv Solveig familiehotellet som samlingspunkt for høgaktuell kunst og kulturformidling i den vesle bygda Flatdal i Vest-Telemark. Eit lite stykke urban kunst i tradisjonelle omgivnader – og samtidig eit lite stykke tradisjonell kunstformidling til ei stadig aukande gruppe av internasjonale gjester.

 

 Solveig Barstad (43) | Mor til tre jenter| Drivar av Nutheim Gjestgiveri saman med mor Ellen Grøstad Barstad

Opplevingsvegen om Nutheim

Nutheim var opprinneleg ein stad for reisande som måtte kvile seg sjølv og hesten. I veggane på den gamle skysstasjonen ligg det lag på lag med historie. Levande folkekultur og den fantastiske utsikten virka tiltrekkande på kunstnarar. Dei har satt sine spor, og du kan framleis sjå og kjenne på dei skapande krefter Nutheim og området byr på.

I 1862 blei det laga ny veg gjennom bygda Flatdal. Gamle ridestiar blei erstatta med ein brei slett veg for hest og kjerre som gjekk heilt til Notodden og Kongsberg. Midt i bakkane på veg opp til Aase laga dei ein sideveg til Åmotsdal og vidare til Rauland. I vegkrysset vaks det fram ein liten handelsstad. Her var det gardsdrift, landhandel, bakeri, slakteri, skysstasjon – og hotelldrift, og seinare bussterminal og bensinstasjon.

Mykje av det nasjonale folkeminnestoffet vårt blei samla i Telemarksbygdene på slutten av 1800-talet. Dette saman med trollbindande natur og vakre ljosvirkingar førte til ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Dei søkte «det ekte» og «det særeigne norske».

Etter at Mælefjelltunnelen opna er vegen om Nutheim mindre trafikkert og ei ro har senka seg. Gjestgiveriet er framleis knutepunkt for dei forbifarande, ein «andre heim» for fastbuande og ein stoppestad for reisande som vil ta innover seg det mytiske Telemark, det gode måltidet, landskapet og kunsten Nutheim byr på.

Ei reise verd

Nutheim blei ein naturleg samlingsstad for kunstnerar som kom til Flatdal og bygdene omkring i heile den fyrste halvdelen av 1900-talet. Kunstnarar som vart knytt til Nutheim var mellom ana Henrik Sørensen, Thorvald Eriksen, Erik Werenskiold, Kai Fjell, Harald Kihle. 

I 1946 kom også kunstnarbrørne Erlend og Terje Grøstad til Nutheim. Her fann dei kvar si syster å gifte seg med. Dei fortsatte å formidle kunstfaget og tiltrekke seg kreative miljø til den tradisjonelle landbruksbygda.

Idag finn Solveig og Ellen inspirasjon og glede gjennom gode møter med gjestene, difor er kunstnarhotellet kjent for å raust ta i mot alle som ferdast forbi. På Nutheim får du omsorg og heimebakst, det er ingen stad du finn meir heimekosleg.

– Det låg i korta at eg skulle overta Nutheim, men eg stritta imot, gjentek Solveig og viser til ei snikande forventning om at ho burde koma heim som eldst i syskjenflokken på fire.

– Men det som lenge kjentes som ein frihetsberøvelse, er nå blitt ein frihet, smiler ho og angrar ikkje på valget om å vidareføre familiebedriften.

 Anten du er kort- eller langvegsfrå vil nok dei fleste nikke bekreftande til at Nutheim er ei reise verd, det var det også for Solveig.

 

Du som lesar har kanskje også forventingar hengande over deg. La Solveig si historie inspirere deg til å våge å tenke tanken «kva viss eg..?»

«Det som før kjentes ut som ein frihetsberøvelse, er nå blitt ein frihet»