I lufta på Air

FEKK DRAUMEJOBBEN PÅ AiR

– Eg blinka meg tidleg ut Rehabiliteringssenteret Air som ein stad eg verkeleg kunne tenke meg å jobbe. Fyrste gongen eg var i kontakt med klinikkleiar Jon Hovda for å forhøyre meg om jobb var alt i februar 2010, fortel Mari Kleiv (28). Ni år og to bachelorgrader seinare er jenta frå nabobygda i fast stilling som fysioterapeut i eit av dei fem rehabiliteringsteama på Rauland.

Mari er født og oppvaksen i Åmotsdal i Seljord kommune. Ho er glad i heimbygda si, og er meir enn nøgd med at ho har fått ein jobb ho stortrivst i, berre ein snau halvtime med bil frå barndomsheimen.

– Eg har alltid vore opptatt av ernæring og helse, og visste tidleg at det var innanfor desse fagområda eg ønska å utdanne meg. Men vegen har ikkje akkurat vore beint fram. Det har bokstaveleg tala vore ein del fram og tilbake, smiler Mari.

– Etter vidaregåande på Kvitsund i Kviteseid, drog eg til Oslo. Der tok eg ei bachelorutdanning i ernæringsfysiologi. Så gjekk turen tilbake til Telemark og Universitetet i Sørøst-Norge, avdeling Bø, der eg tok eit år på bachelor i idrettsvitskap. Deretter flytta eg nok ein gong tilbake til Oslo og begynte på sjukepleiarutdanninga, men  eg ombestemte meg. Eit år seinare begynte eg på den 3-årige fysioterapiutdanninga ved Oslo Met i staden. For å få autorisasjon som fysioterapeut var eg deretter i turnusteneste eit år. Det fyrste halve året  ved ortopedisk avdeling i spesialisthelsetenesta på Rikshospitalet, deretter eit halvt år i kommunehelsetenesta i bydel Bjerke i Oslo. I august 2018 var eg endeleg ferdig utdanna og autorisera fysioterapeut.

Mari Kleiv (28) | Åmotsdal | Kjærast |  Ernæringsveiledar og fysioterapeut | Fysioterapeut på AiR| Friluftsliv

KOMPETANSE VERT LAGT MERKE TIL I VEST-TELEMARK

Etter turnustenesta og eit  ½-årig vikariat i Vinje kommune var ho sjølvsagt spent på kva ho ville gjere etter det, men kompetanse vert lagt merke til i Vest-Telemark. To veker før vikariatet i Vinje kommune var over, fekk ho tilbod om fast tilsetjing på AiR. Då ho tok til i jobben 1. mars 2019 var eit viktig mål nådd.

– Eg stortrivst i jobben her på AiR. Her er eit fantastisk arbeidsmiljø, både sosialt og fagleg. Eg jobbar i eitt av fem tverrfaglege team og samarbeider med mange dyktige folk med ulik utdanning og erfaring. Det er høgt under taket  i diskusjonar, som skapar mykje god fagleg refleksjon, fortel Mari

DET GODE LIV PÅ KRONTVEIT – OG I OSLO

Mari bur på Krontveitfeltet, eit nytt butilbod  med funkishus som høyrer til AiR, og vert leigd ut til tilsette. – Det er flott å bu i eit moderne husvære berre fem minutt frå jobben, seier Mari. I helger er ho gjerne saman med kjærasten som bur i Oslo. Det er berre 3,5 timars køyretur, og det er like langt begge vegar, ler Mari. – Det kan vere fint i storbyen, men eg må innrømma at eg likar betre å vera på besøk enn å bu der.

«Det er flott å bu i eit moderne og flott husvære berre fem minutt frå jobben»

MEDIA SKAPER STRESS RUNDT HELSE

– Media kan skape eit usunt forventingspress. Eg trur lettvinte tips og råd om kosthald, helse og slanking skapar urealistiske forventningar og dermed stress når dei ikkje innfrir. Me skal liksom vite så mykje om alt, men eigentleg gjer me ikkje det. I media generelt blir informasjonen ofte ganske bastant, og er ikkje i røynda generaliserbart. Då er det ikkje rart folk blir forvirra, noko som kan skape stress og urealistiske forventningar til korleis ein bør leve. 

«Gjer alt med måte. Tenk variasjon i kosthald og fysisk aktivitet, få nok søvn og fokuser på det som er viktig i livet ditt»

Tips og råd av typen «Slik bør du gjera», stemmer ikkje for alle. Det er lurt å senke forventningane litt og ikkje vera for skråsikker i høve til den einskilde  sine behov og føresetnadar. Gjer alt med måte. Tenk variasjon i kosthald og fysisk aktivitet, få nok søvn og fokuser på det som er viktig i livet ditt. Det handlar om å finne ein balanse som fungerar for deg, er kloke råd frå Mari.

VEST-TELEMARKS STØRSTE PRIVATE ARBEIDSPLASS

– Rehabiliteringssenteret AIR held til på Rauland og er ein av dei største arbeidsplassane i Vest-Telemark, med oppunder 90 tilsette. Senteret er ein ideell organisasjon som består av einingane AiR-klinikk og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, fortel direktør Svein Kostveit.

– Me er avhengig av tilsette med høg kompetanse. Dette gjeld både innan klinisk arbeid og forsking. Me er difor alltid på leit etter dyktige folk som kan styrke det unike fagmiljøet vårt her på Rauland.

– AiR er et unikt tilbod til menneskjer som har falt ut av arbeidslivet på grunn av sin helse. Me leverer ei døgnbasera spesialisthelseteneste for å hjelpe dei tilbake i jobb. Menneska me møter har kroppslege eller psykiske plager, som regel ein kombinasjon. AIR har status som ein landsdekkjande klinikk i spesialisthelsetenesta, seier Kostveit.

«Me er avhengig av tilsette med høg kompetanse, både innan klinisk arbeid og forsking. Me er difor alltid på leit etter dyktige folk som kan styrke det unike fagmiljøet vårt her på Rauland.»

HJELP TIL VEGEN VIDARE

– Målet er å hjelpe pasientane med å handtere utfordringane sine og lage konkrete planar for vegen og tida vidare. Me har fokus på verdien av å delta i arbeid, og samarbeider tett med arbeidsgjevarar og NAV for å lage gode planar saman med pasientane. Me arbeidar i tverrfaglege team beståande av lege, psykolog/psykiatrisk sjukepleiar, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

Tverrfagleg teamarbeid

Totalt er det seks fysioterapeutar ved AiR-klinikk. Dei jobbar i tverrfaglege team med arbeidsretta rehabilitering. I tillegg er det to fysioterapeutar med doktorgradutdanning som jobbar med forsking i den Nasjonale Kompetansetenesta for Arbeidsretta Rehabilitering ved senteret. Klinikken har to program for deltakarar: Eit 8 dagars kartleggings- og vurderingsopphald og eit fire vekers arbeidsretta rehabiliteringsopphald. Kvar av dei fem tverrfaglege teama består i tillegg av ein idrettspedagog, ein arbeidskonsulent, ein lege, ein psykolog/samtaleterapeut og ein teamleiar med bakgrunn frå ein av fagkategoriane.

«Eg stortrivast i jobben her på AiR. Her er eit fantastisk arbeidsmiljø, både sosialt og fagleg.»

Fysioterapeut, Mari Kleiv (28)

Jobbar med både kropp og sjel

– På AiR jobbar me både med fysiske og psykiske plagar. Difor er det viktig å tenkje heilskapleg og jobbe tverrfagleg. På denne måten får alle på teamet nytta sine kunnskapar og ressursar på best mogleg måte, og syte for at deltakarane får god kvalitet og utbytte av opphaldet her. – Eg merkar at kompetanse innan ernæringsfysiologi er eit verdifullt supplement og ei god ballast i det tverrfaglege arbeidet.

Tid til fagleg påfyll 

Fleire timar kvar veke er  heile klinikken fritatt frå arbeid med deltakarane. Då har me fagleg påfyll frå eksterne foreleserar eller driv kunnskapsbasera utvikling av eigen praksis. Denne utviklinga skjer i samarbeid med forskarane ved kompetansetenesta, og tek utgangspunkt i systematisk måling av effekt og kvalitet av tenestene våre.

Satsar på kompetanseutvikling 

Som privat tilbydar av spesialisera helsetenester  i meir enn 30 år, har me alltid måtte vere langt framme på utvikling av kompetanse. Me er om lag 40 tilsette som til ein kvar tid arbeider i klinikken. Me er godkjent for å utdanne legespesialistar, og me satsar på spesialisering for psykologar og fysioterapeutar. Fleire av klinikarane har også gått over i forskingsarbeid ved kompetansetenesta. I tillegg til dette set me av tid til fagleg utviklingsarbeid.

Nasjonal kompetanseteneste 

Kompetansetenesta forskar og formidlar kunnskap om korleis helse og arbeid heng saman. Me har grunnløyving til dette frå staten, og driv óg forsking basera på prosjektmidlar. Kompetansetenesta er samlokalisera med klinikken for å sikre eit sterkt fagmiljø der forsking og praksis skapar synergiar, samstundes som kompetansetenesta har til oppgåve å utvikle fagfeltet i heile landet.

«Det kan vera fint å bu i storbyen, men eg må innrømme at eg liker å vera på besøk betre, enn å bu der»

FAGHOOKS

– Nasjonalt leiande innan arbeidsretta rehabilitering

– Unik plassering og optimal ramme for deltakarane

– God tid til kvar deltakar og konteksten bidreg til ei helskap i behandlinga

– Forskning kombinera med nær pasientkontakt

– Tilbyr utdanning for lege i spesialisering (LIS)

– Internasjonalt nettverk og internasjonalt nivå. Me eksporterer kunnskap og opplever stor etter vår spisskompetanse internasjonalt

– CARF-sertifisera

– Høgakademisk kollegialt miljø. Teambasera.

– Vinje kommune har god økonomi og svært gode tilbod og tenestar til sine innbyggarar.

– Fagansvar nært leiinga.

– Stor grad av autonomi og du kan briljere i faget ditt.

– Bedrift med lang fartstid, eit godt renommé og stabil økonomi.

– Leilighet til ansatte med familie, nytt i 2018.

 

ME TRENG FOLK SOM KAN TA VERDA HEIM TIL VEST-TELEMARK

Kontakt Jon Hovda, klinikksjef ved AiR, for ein hyggeleg prat.