Velg en side

Ein verdsvandt fysioterapeut frå Flatdal

DEN VERDSVANDTE FYSIOTERAPEUTEN FRÅ FLATDAL

I dag jobbar Guro Mæland (33) som bedriftsrådgjevar i Telemark Næringshage i Kviteseid, berre ein halvtimes køyretur frå heimstaden Flatdal, der ho er oppvaksen. Etter fleire år har ho vendt tilbake til heimbygda, og påstår at det er fordi ho er spesielt heimkjær og knytt til bygda. Det har me eigentleg vanskeleg for å tru, når me samanliknar historia ho fortel med CVen hennar.

FRÅ TANZANIA TIL KIRKENES

Guro gjekk på vidaregåande skule i Bø, og derfrå gjekk ferda til Bergen for å studere fysioterapi. Midt i utdanningsløpet reiste Guro til Tanzania for å tilbringe tre månader i praksis på eit landsbysjukehus. For å komme til næraste by, Arusha – ved foten av Kilimanjaro – måtte ho belage seg på ein 13 timars køyretur.

– Nokre av pasientmøtene gløymer eg aldri. Eg har vore i Afrika fleire gonger, og desse opplevingane har forma meg enormt. Praksiserfaringa gav utferdstrongen næring. Då eg var ferdig med fysioterapistudiet og skulle velje turnusteneste, snudde eg nasen i motsett retning  av Afrika. Eg drog til sjukehuset i Finnmark, avdeling Kirkenes, som er omtrentleg så lang nord det går an å koma for ein søring. Etter turnusperioden jobba eg fire år som kommunefysioterapeut i borneteamet på Notodden. 

Kven: Guro Mæland (33)

Frå: Flatdal, Telemark 

Status: Kjærast og to born 

Utdanning: Fysioterapeut med vidareutdanning innan ledelse

Kva: Senior bedriftsrådgjevar i Telemark Næringshage  

Fritid: Friluftsliv og utferdstrong

«Eg føler kvar einaste dag at me er til stor samfunnsnytte gjennom at me lyfter andre verksemder i regionen til suksess»

BLEI HEADHUNTA AV ASPIT

Etter fire fine år i Notodden kommune, fekk eg ein dag ein uventa – og litt spesiell – telefon, fortel Guro.

– Eh.. kva kallar ein det på film? Å bli headhunta, ler ho beskjedent.

Telefonen var frå den framgangsrike IT-verksemda Aspit i Seljord, som skulle utvikle eit nytt journalsystem for fysioterapeutar. Verksemda hadde peika seg ut Guro som rett person til å leie utviklingsprosjektet.

SKUMMELT OG LÆRERIKT

– Det var sjølvsagt litt skummelt å gå frå det eg var utdanna som – frå den kliniske kvardagen som terapeut – til noko heilt anna. Eg var skeptisk til å «sitte framfor ei dataskjerm heile dagen», innrømmer Guro, men eg stortrivst  frå fyrste dag og fann meg til rette blant kollegaer som lærte meg mykje. Eg har aldri angra på at eg hoppa av. Det blei ein veldig annleis kvardag. Plutseleg sat eg på den andre sida av bordet og skulle væra med å utvikle eit IT-system, som mine tidlegare kollegaer skulle nytte seg av. Det var ei utruleg lærerik tid. Eg hadde unik innsikt i hovudmålgruppa og korleis dei jobba, og blei eit viktig bindeledd mellom brukarane og utviklarane i selskapet. Ein spennande del av jobben, var kontakt med politikarar, helsebyråkratar, fagorganisasjonar og alle dei private aktørane innan e-helsetenesta. Me hadde stor påverkingskraft og blei lagt merke til.

 

 

«Paradokset, som forsterka kven me var og kva me stod for,

blei at hovudkontoret låg i Seljord.»

FRÅ IDYLL I SELJORD TIL GATEBORN PÅ FILIPPINENE

I 2016 var det 10 år sidan praksisopphaldet i Tanzania, og utferdstrongen slo ut i full blom. Guro tok da seks vekers permisjon frå Aspit i fredelege og idylliske Seljord, for å jobbe frivillig på ein skule for gateborn i, den då, tyfonherja byen Tacloban på Filipinane. Dit tok ho med seg heile familien. – Eg ville at gutane mine, Håkon og Jarand, som då var fire og seks år, skulle få sjå og oppleva ein litt ana og sterkare verkelegheit, enn den trygge og forutsigbare, som vi alle tek for gitt i vår rike og privilegera deil av verda. Og sterke inntrykk blei det. Borna hennar snakkar framleis om opplevinga. – Me fekk utrette mikrolite på så kort tid, men litt er betre enn ingenting, seier ho ettertenksamt.

UT AV YRKESBOKSEN

Gjennom jobben i Aspit, fekk Guro også ein ny og viktig innsikt, nemleg at ho kunne bruke fysioterapiutdanninga til så mykje meir enn ho hadde trudd.

– Eg fekk anledning til å dra tilbake til utdanningsstaden min i Bergen, der eg heldt fleire foredrag for turnuskandidatar om korleis dei kan tenkje litt ut av yrkesboksen.

«Poenget er at ein bra grunnutdanning kan brukast til mykje meir enn ein skulle tru.»

– Eg tykkjer det var utruleg gjevande å kunne bidra til å opne auga til dei som kjem etter meg. Det er eit trongt marknad for fysioterapeutar, og det er difor viktig å gripe dei sjansane som byr seg, og tenkje kreativt i forhold til jobbmoglegheiter.

LØFTER ANDRE VERKSEMDER

Etter seks år i Aspit, gjekk jobbreisa vidare. – Aspit har vore eit IT-eventyr, og eg føler meg privilegert som har fått vera med på reisa.

Nå gjekk ferda til Telemark Næringshage, som har hovudkontor i Kviteseid. Dette er ein rådgjevarverksemd, som primært har hatt Vest-Telemark som marknadsområde, men som nå satsar og ynskjer å vera ein aktør for heile Telemark.

– Eg trur nokre tenkjer at det umogeleg kan væra spennande å jobbe i ei tørr konsulentverksemd, men det er det! Me er eit eksplosivt selskap, som fungerar som ein forlenga arm til staten og verkemiddelapparatet – og det myldrar av gode idéar for å bidra til vekst i regionen. Her får me lov til å tenkje utanfor boksen, og eg får brukt veldig mykje av det eg har lært og erfart. Me er eit bredt og samansett team, med tverrfagleg kompetanse og yrkeserfaring. Det er ein fantastisk teamspirit i selskapet, som bidreg til at me trekk i kvarandre for å gje verksemdene det dei treng. Slikt blir det ofte gode resultat av.

– Eg føler kvar einaste dag av me er til stor samfunnsnytte, da me får vera med å løfte andre verksemder i regionen til suksess, seier tidlegare fysioterapeut Guro Mæland.

RÅDGJEV NABOEN 

Me møter Guro i det som må vera verdas vakraste møterom – nemleg hagen på Nutheim Gjestgiveri i heimbygda Flatdal, der ho tråkka sine bornesko. Det gamle, ærverdige kunstnarhotellet på Nutheim, har gjennom meir enn 100 år vore styrt av kvinnene i familien Barstad. Guro har møte med Solveig, som er 4. generasjonsdotter, som i dag driv staden saman med mor, Ellen. Den kjende overnattingsstaden og kulturinstitusjonen ligg berre nokon steinkast unna heimstaden til Guro, og er ein av mange bedrifter i Vest-Telemark som nyt godt av hennar og Telemark Næringshage sine rådgjevartenester.

 

«Det er jo det beste ein kan tenkje seg; å få lov til å væra med å bidra til vekst og utvikling i nabolaget»

HEIMEKJÆR – MEN NYFIKEN PÅ VERDA

– Akkurat no, føler eg at eg er akkurat der eg ynskjer å vera i livet. Eg trivs utruleg godt i jobben som bedriftsrådgjevar i Telemark Næringshage. Der er eit fantastisk arbeidsmiljø, mange spennande kundar og interessante, faglege utfordringar. Eg er veldig glad i heimbygda mi, Flatdal, og føler meg heldig som har fått ein så interessant og meiningsfull jobb i Vest-Telemark. Samstundes har eg også alltid vore nyfiken på verda utanfor, og har aldri vore redd for å søkje nye utfordringar, fortel ho. Det er beste fall ei underdriving, for verken opplevingstrongen eller karrierevegen til Guro Mæland er av typen A4.

«Eg er veldig glad i hembygda mi, Flatdal, og føler meg heldig som har fått ein så interessant og meiningsfull jobb her, i Vest-Telemark»

Håvard Jakobsen Ofte er dagleg leiar i Telemark Næringshage. Sedan oppstarten i 2012 har verksemda vokst frå ein tilsett til nå åtte fulltidstilsette – og er framleis i vekst. Håvard meiner eit ungt og ekspansivt miljø er viktig for å framleis vera ein av fylkets sterkaste regionale aktørar.

– Me sel tenestene og kompetasen vår og er avhengige av dyktige og engasjerte medarbeidarar, som utfyller kvarandres fagfelt. Reiseliv, bygg og anlegg, gründerskap, rekurttering og digitalisering er nokre av våre største fagfelt – og vi har alltid plass til deg som kan utfylle teamet vårt.

FAGHOOKS

– Du som brenn for gründerskåp, og likar at det skjer ting

– Du har tru på utvikling i heile Noreg

– Du forstår korleis verdiar skapas, og ynskjer å tilføre noko til kundane dine

– Du drivas av å skape

– Du likar å tenkje nytt og annleis, og brenn for å drive utvikling i ditt fagfelt

– Du ser mogelegheiter heller enn utforringar, og evner å setje dei ut i livet 

ME TRENG FOLK SOM KAN TA VERDA HEIM TIL VEST-TELEMARK

Kontakt Eirik Håskoll Næss, dagleg leiar i Telemark Næringshage, for ein hyggeleg prat.