Når livet og karrieren er på veg i to ulike retningar

Det er mange som ynskjer å kombinere ei interessant karriere med det gode liv på landet.

– Er det mogleg å utvikle seg profesjonelt, på ein interessant arbeidsplass og samstundes kombinere dette med eit rikt liv i omgivnader ein trives i? Jovisst, er det mogeleg.

I Vest-Telemark finst kompetansearbeidsplassar på høgde med dei beste miljøa i Noreg- og verda. Telemark Næringshage kjem tett på mange av deira utviklingsprosjekt, og ser samstundes at dei sit på spanande stillinger som ikkje vert utlyst. Me har vener frå fjern og nær som trur at hvis ein velger eit liv på landet må ein gje opp den profesjonelle karriera. Heldigvis er det ikkje slik.

Me har samla eit knippe attraktive verksemder i Vest-Telemark, som alle er på søken etter den rette tilsette. Kanskje er det deg eller nokon du kjenner? Stillingane er ikkje lyst ut, men dei oppfordrer deg til å ta kontakt.

Er du ein nysgjerrig hitflyttar som tek sjansen?

 

I Vest-Telemark kan du setje ditt eige fotavtrykk

#Tidtilmeir handlar om livsbalanse

Med hjerte for det våte element

BRATT LÆRINGSKURVE Både i jobben og på fritiden forholder Rebeka seg til elementet vann. På den ene måten matematisk og logisk, den andre er ren begeistring, og begge deler finner hun i Seljord.  Foran seg på skjermen har Rebeka detaljerte tegninger over et...

Virtuell virkelighet blant Vest-Telemarks vakre fjell

Teamet i Seljord arbeider dagleg med det nyaste innan datateknologi og 3D-modellering, og snart kan dei som ein del av arbeidet med prosessar og i forbindelse med presentasjonar, bokstaveleg tala gå inn i prosjekta sine med 3D-briller.

Me treng folk som kan ta verda heim til Vest-Telemark

I lufta på AiR

Eg stortrivast i jobben her på AiR. Det er eit fantastisk arbeidsmiljø her, både sosialt og fagleg. Eg jobbar i eit av fem tverrfaglege team og får samarbeide med mange interessante folk med forskjellege utdanningar og erfaringar.

I Vest-Telemark er det mange ubesatte stillingar

Det er ikkje så langt frå Shanghai til Dalen

Nikolai Mejdell Hektoen jobbar som utviklingsingeniør ved Brunvoll Mar-El på Dalen. Han har ein Mastergrad i Maritim Kybernetikk frå NTNU i Trondheim. Det betyr at han er ekspert på styringssystem til skip. – Og då var det jo heilt naturleg å søkje jobb i Dalen, midt i Telemark, meir enn 140 kilometer unna næraste drope saltvatn?

Me ventar på deg

Ein verdsvandt fysioterapeut frå Flatdal

DEN VERDSVANDTE FYSIOTERAPEUTEN FRÅ FLATDAL I dag jobbar Guro Mæland (33) som bedriftsrådgjevar i Telemark Næringshage i Kviteseid, berre ein halvtimes køyretur frå heimstaden Flatdal, der ho er oppvaksen. Etter fleire år har ho vendt tilbake til heimbygda, og påstår...